Mirror+rings+stack_Pamflett+RED_og+FLAT+GOLD+1.jpg

KONSERTER OG NYHETER

Tilbake til alle arrangementer

Skrall: Signe Emmeluth

  • Teglverket, Det Akademiske Kvarter 49 Olav Kyrres gate Bergen, Vestland, 5014 Norway (kart)
242389057_10158959769467025_2021077222498416442_n.jpg

I juni kunne ein sjå Signe Emmeluth pryde forsida av Jazznytt. I juli satte ho preg på Moldejazz med eit bestillingsverk framført av eineståande Trondheim Jazzorkester. I september får me sjå ho briljere åleine på Det Akademiske Kvarter.

Gjennom ei årrekkje har Signe Emmeluth samarbeida med musikarar på kryss og tvers av sjangrar. Det som likevel gjer dansken Signe til Signe er dei særs fargerike improvisasjonane ho maler med slik ein stødig penn av ein saksofon. Det finst ikkje grenser for kva kjensler som kjem til uttrykk når ho hiv seg på scena, anten det er åleine eller i orkestersamanheng. Difor er det ikkje rart at ho vert omtalt som ein av topputøvarane i Norden, om ikkje i Europa, når det gjeld improvisasjon.

I samarbeid med Studentersamfunnet i Bergen har me gleda av å presentere ein høgst intim solokonsert der Signe Emmeluth styrer kjensleregisteret. Gled deg!

SMITTEVERN
Vi held oss oppdatert på smitteversreglar. Arrangementet har avgrensa kapsaitetet grunna dei gjeldande restriksjonane. Vi oppmoder publikum om å førehandstinge billetter for å unngå kø ved lokalet.

MEDLEMSKAP
Det krevst medlemskap for å delta på arrangement i regi av Studentersamfunnet i Bergen. Medlemskap gjev deg fri inngang på alle ordinære arrangement inneverande semester. Billettar verte sleppt ei veke før arrangementet startar.

BILLETT/MEDLEMSKAP

Tidligere arrangement: 23. september
HUSK FRISTEN 1. OKTOBER!
Senere arrangement: 8. oktober
Luxembourg til Bergen